Reklame

Satayspyd

Satayspyd i samarbeid med Helios
/annonse/

   grillspyd satay

Satayspyd er nydeleg, og tilgjengeleg stor sett over alt i Asia. Det finnast mange versjonar av den, og etter prøving og feiling har vi no funne det vi synest er den beste peanøttsausen vi har laga!

Satayspyd er fin grillmat i sommarvarmen, sidan det meste kan gjerast klart på førehand og sjølve grillinga ikkje tek mange minutt.

Lag gjerne marinaden kvelden før du skal grille, slik at kyllingen eller biffen får marinere over natta og får mest mogleg smak.

biff satay

Satayspyd

Til omlag 4 personar treng du:

  • 400 g kylling/biffkjøt

Marinade til kjøt:

  • 1-2 stilkar sitrongras (eller skalet frå ein sitron)
  • 1 liten rødløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 4 ss Helios økologisk kokosolje (eller solsikkeolje)
  • 1 ts chilipulver
  • 1 ts koriander
  • 2 ts Helios økologisk gurkemeie
  • 4 ts kechap manis (Indonesisk søt soyasaus)
  • 1 ts oyster sauce

Peanøttsaus:

  • 400 ml Helios økologisk kokosmjølk
  • 2 ss red curry paste (eller sambal oelek)
  • 2 dl Helios økologisk peanøttsmør
  • 1/2 ts salt
  • 1,5 dl Helios økologisk kokosblomstsukker
  • 2 ss Helios økologisk eplecidereddik

Tilbehøyr:

  • 1 agurk
  • 1 rødløk
  • Jasminris
satayspyd

Oppskrift:

  1. Lag marinaden først ved å finhakke sitrongras (den kvite delen) og løk. Bland saman med olje, krydder og saus.
  2. Del opp kyllingen/biffkjøtet i mindre bitar og ha bitane i ein plastpose og bland godt med marinaden. La marinere i kjøleskapet så lenge du har tid, gjerne over natta.
  3. Lag peanøttsaus ved å blande alle ingrediensane saman i ei lita gryte. Kok opp og la småkoke på låg varme i 10 minutt. Server sausen lunka (den kan gjerne avkjølast og varmast opp igjen).
  4. Legg grillspyda i vatn ca 30 min og tre dei marinerte bitane på spyda.
  5. Grill spyda til kyllingen er gjennomsteikt.
  6. Server kylling satay med rødløk og agurk i bitar, ris og peanøttsaus til.
kylling satay

TIPS: Dersom du vil servere ris i bitar, som ein ofte får i Asia, kokar du risen dagen før og pressar den godt saman i ei firkanta form. Set i kjøleskap over natta og del opp i passe bitar før servering. Hell over varm peanøttsaus og nyt saman med nygrilla satayspyd

 

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.