Steikt skrei med soyasmør og granateple

steikt skrei

Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt, men det finnast triks for det også.

Den enklaste måten å få ut alle frøa på har eg funne på YouTube, der ein kan finne det aller meste: del granateplet i to, legg eine halva i handa di med snittflata ned og bank hard på skallet med ei sleiv. Ha ei mellomstor skål under og vips: alle frø/kjernene i skåla, og skallet ligg i igjen i handa. Okey då…ikkje heilt vips -meir som bank, bank, bank, bank…losne litt…bank, bank, bank. Men du skjønnar konseptet;)

skrei soyasmør

I lag med det søte og syrlege granateplet er det deilig salt soyasmør som gjer at denne fiskeretten blir ein nydeleg kvardagsmiddag.

soyasmør

Steikt skrei med soyasmør og granateple til 3-4 personar:

  • 600-800 g skrei (torsk)
  • ca 500 g nudlar
  • 1 granateple
  • 100 g smør
  • 1 dl soyasaus
  • salt og peppar
  • frisk bladpersille (eller andre friske urter)
skrei med soyasmør og granateple

Slik gjer du:

  1. Kok nudlane.
  2. Ta ut frøa/kjernene frå granateplet.
  3. Del skreien i porsjonsstykker, krydre med salt og peppar og steik i litt smør. Bruk middels-høg varme, og la fiskestykka bli gyllenbrune på eine sida før du snur til andre. Snu berre ein gong.
  4. Ta fiskestykka ut av panna og smelt smøret.
  5. Rør inn soyasausen.
  6. Server nudlar og fisk toppa med granateple, soyasmør og friske urter. Mmmm! Velbekomme:)
soyasmør med nudlar

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.