Reklame

Steikt skrei med appelsinsaus

Steikt skrei med appelsinsaus er ein nydeleg ny og frisk måte å servere skrei på. Skreien er i sesong frå januar til april og er på sitt aller beste no, så det er all grunn til å bruke denne fine råvara medan du kan.

stekt skrei med appelsinsaus
Skrei er ein fisk i torskefamilien som er oppvaksen i Barentshavet og som kjem til norskekysten for å gyte. Sidan den vandrar så langt har den ekstra mykje musklar og eit fast og fint fiskekjøt.

I samarbeid med Godfisk har eg testa deira festoppskrift på skrei, og laga min eigen vri. Dette blei veldig god kvardagsmiddag, som er laga på under 30 min. Potetstappe tek ikkje meir enn 10-12 min å koke, og fisken skal ikkje ha mange minutta i panna før den er klar. Medan den ligg i panna rekk du å lage klar saus og salat, og vips så er middagen klar.

steikt skrei med appelsinsaus

Steikt skrei med appelsinsaus

 

skrei godfisk

Originaloppskrifta finn du her.

Oppskrift på Steikt skrei med appelsinsaus

3-4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 600 g skrei (torsk)
  • 6-8 poteter
  • 1-2 dl H-mjølk
  • ca 100 g smør
  • 1 appelsin
  • 4 reddik
  • 1 gulrot
  • 1/2 rødløk
  • 1 ss god olivenolje
  • 1 neve bladpersille
  • Salt og pepar
  1. Potetmos:
    Skrell og del potetene i terningar.
    Kok opp og la småkoke under lokk til potetene er møre, 10-12 min.
    Hell av vatnet og la stå utan lokk.
    Ha i 2 ss smør og mos potetene med ballongvisp eller potetstappar.
    Spe med mjølk til passe konsistens og rør kraftig.
    Krydre med salt og pepar.

  2. Skrei:
    Del i porsjonsstykker, krydre med salt og peppar.
    Smelt smør og litt nøytral olje (eller bruk Bremykt) i ei panne og steik fisken på medium-høg varme til den har blitt litt bruna.
    Snu fisken og steik på andre sida.

  3. Salat:
    Vask og skrell gulrot, og del i tynne skiver.
    Del reddik og rødløk i tynne skiver.
    Bland saman og ringle over olivenolje, salt og peppar.

  4. Appelsinsaus:
    Press safta frå appelsina og ha den i panna der skreien blei steikt.
    La koke opp/boble litt før du trekkjer panna vekk frå varmen og rører i resten av smøret.
    Server potetmos, salat og skrei med appelsinsaus og friske urter på toppen. Velbekomme:)

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Godfisk

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.