Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing

Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing

Torsk er så fin kvardagsmiddag! Den treng ikkje mange minutta i panna før den er ferdig, og er i tillegg både sunn og god.

Her i heimen blei heimelaga fiskepinnar ein stor favoritt i haust, og ved å dyppe fisken i litt egg og knust cornflakes før den går i panna et både små og store mykje meir fisk.

Denne gongen er det større fiskestykker som har fått panering, og som tilhøyr er det steikte søtpoteter og erter. På toppen (eller ved sidan av) er det deilig syrleg rømmedressing. Alt rørt saman og steikt på under ein halvtime! Mmmm!

oppskrift panert torsk

Til 2-3 personar treng du:

  • 400 g fiskefilet av kvit fisk (eg brukar torsk eller sei)
  • 2-3 dl cornflakes
  • 1 egg
  • smør og litt nøytral olje til steiking
  • 1 stor søtpotet (ca 300 g)
  • 1 dl (frosne) erter

Rømmedressing:

  • 1-2 dl rømme
  • saft frå 1/2 sitron
  • salt og peppar
hvordan panere torsk

Slik gjer du:

  1. Vask søtpoteten godt og del i 3-4 mm tjukke skiver, som igjen delast i fire.
  2. Ha 1-2 ss olje (eg brukar kokosolje eller smør) i ei panne og steik potetene under lokk på middels-høg varme i ca ti minutt. Ta av lokket, ha i ertene, og steik i ca fem min til.
  3. Rør saman rømmedressingen.
  4. Del fisken i passe porsjonsstykker.
  5. Visp lett saman egget med litt salt og peppar i ei lita skål.
  6. Ha cornflakes i ein brødpose og knus dei med fingarne, eller ha alt ei ein morter og knus. Ha over i ei skål.
  7. Vend fiskebitane først i egget og så i knust cornflakes.
  8. Varm litt olje i ei steikepanne og ha i litt smør.
  9. Legg i fisken og steik på middels-høg varme, slik at dei blir godt bruna. Steik fisken berre ein gong på kvar side og flytt minst mogleg på dei, slik at dei ikkje dett frå kvarandre. Når dei er godt bruna snur du dei rundt og steiker på andre sida.
  10. Når fisken flakar seg er middagen klar.

 

Panert torsk med steikte søtpoteter

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.