Melkerull-bolle

smil bolleBolle med overrasking inni, sjokolbolle, melkebolle eller Norgesbolle var nokre av namneforslaga til denne herlegheita av ein gjærbakst. Deilige kveitebollar med ein bit sjokolade i midten blei like populært på instagram som her i heimen.

Med metoden der ein eltar inn smøret til slutt er du sikra luftig og nydeleg gjærbakst, så det er ingen grunn til å gjere det på noko anna måte. Set ei deig og gled dei rundt deg:)

melkerull bolleTil omlag 20 bollar treng du:

  • 900 g kveitemjøl (+ litt ekstra til utbaking)
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar
  • 1 Melkerull (eller anna sjokolade)

melkerull-bollebolle med melkesjokoladeSlik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret og melkerullen, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk til og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Del opp i like store emner og trill runde bollar. Trykk ein melkerull inn i kvar, og knip deiga saman rundt.
  5. Dekk til og la etterheve ca 20 min.
  6. Set steikeomnen på 180 grader.
  7. Pensle med egg og steik i 15-17 min.
  8. Avkjøl på rist.

verdens beste bollerTIPS: Bollane kan fint frysast og tinast på benken før servering. Varm dei i 3-5 min på 150 grader varmluft før servering, og dei er akkurat som nysteikte igjen.

melkesjokoladeboller

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.