Ruccolasalat med spekeskinke og fiken

fikensalat Inspirasjon til denne salaten fann eg for eitt år sidan inne hjå Sigrunn (En klype salt) då vi begge var finalistar som Årets Matblogg. Eg har endra litt på originalen etter mine favorittar, men dressingen og konseptet er hennar. Finn du fiken i butikken er det berre å plukke med seg, så kan du imponere og servere denne nydelege salaten på under ti minutt!

ruccolasalat med fikenRuccolasalat med spekeskinke og fiken til 2 personar:

  • 2 nevar ruccola
  • 1 vårløk
  • 4-6 skiver spekeskinke
  • 6-8 valnøtter
  • 2 ss blåmuggost
  • 2 fiken

Dressing:

  • 2 ss god olivenolje
  • Saft frå ½ lime
  • 1 ts flytande honning
  • Salt og peppar

fikenSlik gjer du:

  1. Rør saman dressingen.
  2. Skyll ruccolaen godt, tørk den i ei salatslynge og fordel på to tallerkenar.
  3. Del vårløken i bitar og ha over.
  4. Ringle over dressingen.
  5. Fordel spekeskinke, valnøtter og blåmuggost på tallerkenane.
  6. Del fikenane i 6 båtar kvar og fordel.
  7. Nyt!
ruccolasalat med spekeskinke og fiken

Viss du aldri har ete fiken før så kan du jo sjekke ut denne videoen😉

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.