Kyllinglår i curry

kylling i curry Kylling og curry er knallgodt i lag og finfin middagsmat servert saman med ris og eventuelt nanbrød. I denne versjonen har eg nytta kyllinglår i den store prosessen med å ete heile dyret, ikkje berre filet-stykka.

Kyllinglår blir jo av mange rekna som den mest smakfulle delen av kyllingen, så det er berre å ta med seg lår i staden for kyllingbryst neste gong du er på butikken.

Men for ordens skuld: du kan bruke kyllingbryst i denne retten også!
curry kylling Kyllinglår i curry til 2-3 personar:

  • 2 kyllinglår
  • 2 ss raud curry
  • 200-250 g kokosmjølk
  • 1 gulrot
  • 1/2 squash
  • 1/2 raud paprika
  • 1/2 grøn paprika
  • 1/2 gul paprika

kyllinglår i currySlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over og undervarme.
  2. Steik kyllinglåra på begge sider på middels-høg varme, slik at dei får ei fin steikeskorpe.
  3. Legg til side.
  4. Del squash, paprika og gulrot i passe bitar.
  5. Fres curry nokre få minutt i panna til den «skil seg» og gir får seg litt olje.
  6. Hell over kokosmjølka, bland godt og kok opp.
  7. Legg i kyllinglåra og grønsakene og sett steikepanna midt i omnen (eller ha over i eldfast form om panna di ikkje toler steikeomn).
  8. La stå i om lag 45 min. Sjekk at kyllingen er gjennomsteikt, tida kan variere alt etter kor store stykker du har.
  9. Server med ris og nanbrød til.
kyllingcurry curry kylling

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.