Søtpotetpizza med kvit topping

Søtpotetpizza med kvit topping

Dette er ein av mine store favorittar og noko eg ofte lagar til meg sjølv når eg har lyst på litt betre lunsj eller er fysen på noko på kveldstid. Søtpotetpizza kan sjølvsagt serverast med akkurat den toppingen du vil, men kvit saus, spekeskinke, blåmuggost og ruccola er høydaren spør du meg.

Botnen er enkel å lage, og sidan den ikkje treng heving går det ikkje lenger tid enn ein vanleg pizzabotn. Sjekk bileta med tips om korleis du enklast kjevlar den ut, og bli frista til å prøve sjølv. Mmmmm!søtpotetpizza

Til 1 pizza (1-2 personar) treng du:

  • 1 stor søtpotet (300-400 g)
  • 50-75 g havregryn (eller ferdig malt havremjøl)
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • 1 egg

Kvit topping:

  • 2-3 ss créme fraîche
  • 4-5 skiver spekeskinke
  • 2-3 nevar riven ost
  • 1-2 ss blåmuggost (kan sløyfast)
  • 1/2 liten rødløk
  • litt ruccola

søtpotetpizzasøtpotetpizza tipssøtpotet bunnSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Skrell søtpoteten, del den i terningar og kok den til den blir mør, ca 15 min.
  3. Mal havregrynet til mjøl i ei matmølle (eller bruk ferdig havremjøl).
  4. Hell av kokevatnet på søtpotetene, la dampe av seg litt og mos med ein potetstappar/visp til du har potetstappe.
  5. Rør inn havremjøl, salt, krydder og egg.
  6. Smør potetmosen jamnt uttover eit bakepapir eller legg eit bakepapir på toppen og kjevle flatt. Dra av bakepapiret på toppen.
  7. Steik pizzabotnen til den har tørka ut og nesten er brent i kanten, ca 15-20 min.
  8. Ta ut pizzabotnen, la avkjøle litt .
  9. Stryk uttover créme fraîche og ha over resten av fyllet, med unnatak av ruccolaen.
  10. Set tilbake i omnen og steik til osten har smelta.
  11. Strø over ruccola og nyyyyt.
søtpotet pizza

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.