Hjortegryte

Hjortegryte er klassisk haustmat, i allefall her på desse trakter. Hjortejakta er i gong for lengst, og årets første kjøt har hamna i grytene her. Med nydeleg kryddersmak av kantarellen vi har plukka i skogen og søt og syrleg nyplukka tyttebær blei dette verkeleg ei kortreist gryte.

hjortegryte med potetmos
Får du ikkje tak i kantarell kan du nytte anna sopp i staden, eller bytte ut med andre grønsaker du likar. Denne gryta er absolutt ei «ta det du har og smak til»-gryte, så ikkje la deg stoppe om du manglar noko -lag din eigen vri!

hjortegryte
Hjortegryte

Etterkvart har det kome spørsmål til denne oppskrifta, her har eg samla nokre av dei. Har du fleire eller kommentarar, så send meg gjerne eit vink på Instagram eller Facebook:)

  1. Kva type soyasaus brukar du?
    Eg brukar ofte ein glutenfri type, men alt typar funkar.
  2. Kva kan eg bruke i staden for brunost?
    Du kan bruke ei klype sukker i staden.
  3. Må eg ha einebær?
    Neida, gryta blir god utan også. Bruk gjerne 1 ts timian om du har det i krydderskuffa i staden. Det er også godt.
  4. Må eg bruke hjortekjøt?
    Neida, anna viltkjøt eller storfekjøt kan også brukast i denne gryta.

viltgryte

 

Oppskrift på Hjortegryte

5-6 porsjonar / Tid: 1-3 timar

Hjortegryte

  • ca 800 g hjortekjøt
  • 2 ss smør
  • 2-3 ss raps/solsikke-olje
  • ca 5 dl vatn/kraft
  • 5-6 einebær
  • 100 g bacon
  • 150 g kantarell
  • 3 gulrøtter
  • 1/4 sellerirot
  • 150 g frosne erter
  • 5 sjalottløk
  • 1 ss soyasaus
  • 3 dl creme fraiche
  • 6 skiver brunost
  • 3 ss tyttebærsylte
  • 0,5 dl kaldt vatn
  • 1 ss maizena
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar

Potetstappe

  • 10-12 poteter
  • 1-2 ss smør
  • 2-3 dl mjølk
  • 1 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Hjortegryte:
    1. Del kjøtet i bitar og finhakk sjalottløken.
    2. Smelt 1 ss smør og 1 ss olje. Brun kjøtet i 2-3 omgongar og legg til side, fyll på med meir smør og olje om det trengst.
    3. Steik løken i gryta til den blir blank. Ha kjøtet tilbake i gryta og fyll på med vatn, pass på at alt kjøtet er dekka. Ha i knuste einebær og kok opp.
    4. La småkoke/trekke under lokk til kjøtet dett frå kvarandre, det kan ta 1-3 timar alt etter kva kjøtdel du nyttar, kor store bitar du har og kor mørt kjøtet er.
    5. Del bacon i bitar og sprøsteik i ei steikepanne. Legg til side, men la baconfettet ligge igjen i panna.
    6. Del dei største kantarellane i to og steik desse i baconfettet på relativt høg varme så dei blir litt bruna.
    7. Skrell og del gulrøtte og sellerirot i terningar.
    8. Når det er ca 30 min igjen før gryta skal serverast har du i gulrot, sellerirot, erter, bacon og sopp.
    9. Etter 25 min rører du inn creme fraiche, brunost, tyttebærsylte og soyasaus.
    10. Rør ut maizena i 0,5 dl kaldt vatn og rør inn i gryta.
    11. Smak til med salt og pepar og server med potetstappe og friske tyttebær på toppen.

  2. Potetstappe:
    1. Skrell potetene og del dei i to eller fire.
    2. Ha dei i ei kasserolle, dekk med vatn og kok opp.
    3. La småkoke til potetene er møre, ca 10-15 min.
    4. Hell av kokevatnet og la potetene dampe tørre.
    5. Ha i smøret og mos potetene ved hjelp av ein potetstappar eller ein visp.
    6. Ha i litt og litt melk til du får passe konsistens, rør kraftig mellom kvar gong.
    7. Smak til med salt og pepar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.