Lammegryte med rotgrønsaker

lammegryte med rotgrønnsakerLammekjøtt som blir kokt leeenge blir utruleg mørt og godt. Denne gryta kan du anten laga som ei langtidskokt gryte som får stå og kose seg på omnen lenge, eller så kan du bruke restar frå ein dag du har langtidskokt lammekjøt, for eksempel fårikål, og setje gryta på bordet på ein halvtimes tid.

Her er det variasjonsmoglegheiter slik at du kan tilpasse det til kva ingrediensar du har tilgjengeleg og kor god tid du har. Framgongsmåten er ganske lik uansett.

lammegryte med rotgrønsakerTil 3-4 personar treng du:

  • ca 300 g lammekjøt utan bein
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss smør
  • 1 kanelstang
  • 1 ts spisskummen
  • 2 ts korianderpulver
  • 1/2 ts chilipulver
  • 1/2 ts peppar
  • 1 ts salt
  • 500 g hakka tomat (gjerne frå kartong)
  • ca 5 dl kraft eller vatn + buljong
  • 1 stor søtpotet
  • 2-3 gulrot
  • 2-3 raud- eller gulbeter
  • 1 pastinakk

lammegryte med smak av marokkoSlik gjer du:

  1. Hakk løk og kvitløk og fres dette saman med smøret i ei stor gryte, til løken har blitt blank.
  2. Ha i krydderet og bland godt.
  3. Hell over hakka tomat og kraft og kok opp.
  4. Har du ukokt kjøt legg du det i gryta no, skrur ned varmen og legg på lokk. La stå og småkoke i 3-4 timar til kjøtet fell frå kvarandre. Ha i rotgrønsakene, skrella og delt i terningar, siste halvtimen.
  5. Har du ferdig kokt kjøt skrellar og delar du rotgrønsakene i terningar og har dei i saman med kjøtet. La småkoke, med eller utan lokk, til grønsakene er møre, ca 20-30 min.
  6. Server gjerne gryta saman med ris, quinoa eller couscous.
lammegryte med kanel

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.