Skoleboller

skolebolle

Skoleboller eller skulebollar, eller endåtil skolebrød om du vil, er nydeleg gjærbakst med det beste plassert midt i. Nydeleg vaniljekrem, som du lett rører saman og lagar sjølv. Etter at bollane har avkjølt litt pyntar du med melisglasur og dyppar dei i kokosmasse. Mmmmm…!

Bollane kan gjerne frysast, og det blir jo ekstra stas på en ellers grå dag å kunne ta opp ein smilande bolle og servere gjærbakst med melis og kokosstrø på.

skulebolle

Til omlag 16 stk treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Vaniljekrem:

  • 4 eggeplommer
  • 5 ss (40 g) maizena
  • 100 g sukker
  • 5 dl mjølk
  • 1 vaniljestang

Melisglasur og kokos:

  • 250 g melis
  • 2-3 ss vatn
  • Saft frå 1 sitron (kan sløyfast)
  • ca 150 g kokosmasse

skolebrød

Slik gjer du:

  1. Ha alt unnateke 100 g av kveitemjølet og alt smøret i ein bolle.  Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Elt inn så mykje du treng av resten av mjølet, resultatet blir best om deiga er litt klissete synest eg.
  5. Del opp i 16 emner og trill runde bollar.
  6. Set på bakepapirkledd steikebrett og dekk til med eit klede.
  7. Set steikeomnen på 200 grader.
  8. Lag ei lita grop i kvar bolle og fyll med vaniljekrem.
  9. La gjerne etterheve i 15-20 min.
  10. Steik i 15-17 min.
  11. Avkjøl på rist.
  12. Smør melisglasur rundt bollen og dypp i kokosmasse.

Vaniljekrem:

  1. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa. Ha frø og stang i ein bolle saman med eggeplommer og maizena, bland godt.
  2. Varm opp mjølk og sukker til kokepunktet, rør undervegs slik at sukkeret blir oppløyst.
  3. Hell forsiktig litt av den varme mjølka over eggeplommane og rør godt. Ta litt og litt, og rør godt, slik at det ikkje blir eggerøre.
  4. Hell til slutt alt tilbake i kasserolla og varm opp medan du rører til kremen tjuknar.
  5. Set til avkjøling.
  6. Ha over i ein plastpose og klipp hol i eine hjørnet slik at du lett kan sprøyte vaniljekremen.

Melisglasur og kokos:

  1. Ha melis i ei lita skål.
  2. Ha i sitronsaft og så ei og ei skei med vatn til du har passe konsistens på glasuren.

Bollane kan gjerne frysast, då ventar du med melisglasuren og kokosen og har på det etter at du har tint dei.

skolebrød

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.