Fårikål

får i kål
Fårikål er haust og tradisjonar. At ein kan få til noko så godt med så få ingrediensar er sjarmerande, og så er det kjekt med middag som lagar seg sjølv. Fårikål treng nemleg tid på seg, akkurat slik som pinnekjøtet på julafta. Kok opp og la det stå og dampe seg, heller litt for lenge enn for kort. Når kjøtet fell frå beinet er det klart til servering, med poteter, gulrot, rørte tyttebær og litt steikesjy til. Mmmm….! Det er berre å få panna på omnen!

får-i-kål

Fårikål

Til omlag 2-3 personar treng du:

  • 1 kg fårikålkjøt av lam
  • 1 kg kål
  • 2 ss peppar (heile korn)
  • 1,5 ts salt
  • 3 dl vatn

fårikålSlik gjer du:

  1. Del kål i store båtar.
  2. Legg kjøt og kål lagivis i ei stor gryte. Legg kjøtet nederst med feittsida ned, avslutt med kål.
  3. Strø peppar og salt over.
  4. Hell på vatn og kok opp.
  5. Legg på lokk og la kjøtet dampe på svak varme i minimum 2-3 timar, til kjøtet fell frå beinet.
  6. Server med kokte poteter, gulrot og rørte tyttebær.
fårikålens dag

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.