Marokkansk lammegryte med quinoa

marokkansk gryte

Marokkanske smakar med koriander, kanel og spisskummen er spanande smakar som ikkje blir for «heitt» for nordiske ganar. Nydeleg god, og kanskje enno betre dagen etter -så denne kan du fint lage dagen før.

Eg serverer gryta med quinoa, men her kan du fritt velje om du til dømes vil bruke couscous eller ris i staden.

moroccan lamb

Til 3-4 personar treng du:

  • 2 ss olje eller ghee til steiking
  • 450 g lammekjøttdeig (eller vanleg kjøttdeig)
  • 2 løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ts finhakka frisk ingefær
  • 2 ts kanel
  • 1 ss spisskummen/cumin
  • 1 ss tørka koriander
  • 400 g hakka tomat på boks
  • 1 ss tomatpuré
  • 1 ss sukker (gjerne kokossukker)
  • Safta frå 1/2 sitron
  • salt og peppar
  • 2-3 ss pinjekjerner
  • 1 neve friske urter (feks mynte/bladpersille)

Quinoa:

  • 1 stor kopp quinoa
  • 2 store koppar vatn
  • 1 klype salt
marokkansk krydder

Slik gjer du:

  1. Varm 1ss olje/ghee i ei gryte som toler steikeomn, og brun lammekjøttet. Steik på middels-høg varme, og la kjøtet ligge litt i gryta før du rører på det slik at det blir litt karamellisert og får ekstra god smak. Ha kjøtet over på ein tallerken og set til side.
  2. Del løk i terningar, finhakk kvitløk og ingefær.
  3. Ha resten av oljen i gryta og fres løk, kvitløk og ingefær til løken er blank.
  4. Ha i kryddera og la dei frese med i 1-2 min.
  5. Ha over hakka tomat, tomatpuré, sukker og sitronsaft.
  6. Kok opp, ha i lammekjøttet, og la småputre i 10-15 min.
  7. Ha pinjekjernene i ei tørr steikepanne på relativt høg varme, og rist dei til dei frå ein gyllen farge.
  8. Finhakk urter og servér på toppen saman med pinjekjernene.
marokkansk lammegryte

Quinoa:

  1. Skyll quinoaen i eit dørslag til det sluttar å skumme.
  2. Ha quinoa, vatn og salt i ei gryte og kok opp.
  3. La småkoke under lokk i ca 15 min, til dei har opna seg og du ser ein liten «hale» på frøa.
  4. Ta av lokket siste minutta, slik at dei får dampe seg heilt tørre.
marokkansk lammegryte med quinoa

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.