Mokkaiskake med sjokolade og marengs

ice cakeMokkaiskake med inspirasjon frå Vietnam sin nydelege iskaffe «Ca Phe Da» og Mat På Bordet si nydelege bringebæriskake. I begge to finn du nemleg søt kondensert mjølk som blir omtala som ei ganske magisk ingrediens.

Boksmjølka er å finne på velassorterte matbutikkar eller i innvandrarbutikkar, og blir forhåpentlegvis vanlegare å vanlegare i butikkhyllene. Eg har lagt ved eit bilete av dei typane eg fann på min butikk, slik at du har noko å gå etter. (Vikingmjølk er ikkje det same, den er ikkje sukra.)

Iskake er super selskapsmat, sidan den kan lagast i god tid i førevegen og gir deg mindre stress nærare den store hendinga. Kaka er også finfin å ha liggane i frysaren til ein dag det plutseleg passar med noko godt på bordet. Denne versjonen har nydeleg sjokolade og kaffismak, to av mine favorittar. mokkaiskake med sjokolade og marengs is kake Til 1 rund kake (22 cm) treng du: Marengsbotn:

  • 5 store eller 6 små egg (gjerne økologiske)
  • 250 g sukker (gjerne kokossukker)
  • 1 ts eplecider eddik (eller sitronsaft)
  • 2 ts maizena

Is:

  • 5 dl kremfløyte
  • 400 g (1 boks) søt kondensert mjølk (ikkje Vikingmjølk)
  • 1 vaniljestang
  • 150 g mørk sjokolade (gjerne sjokoladeplettar) + litt til pynt
  • 1/2 dl sterk kaffi
marengsiskake

søt kondensert melk Nokre ulike typar søt kondensert mjølk (Sweetened condensed milk)

Slik gjer du: Marengsbotn:

  1. Set omnen på 150 grader over- og undervarme.
  2. Skil egga. (Eggeplommene kan du for eksempel nytte til Crème brûlée eller majones.)
  3. Ha eggekvitene og halvparten av sukkeret i ein bolle og visp på middels hastigheit til det er  ei tjukk/skumma blanding. Ha i resten av sukkeret litt etter litt medan miksaren går. Fortsett å vispe heilt til blandinga er tjukk, blank og «stiv».
  4. Sikt i maizena og rør inn eplecider eddik.
  5. Kle kakeforma med bakepapir i botnen og ha marengsmassen i. (Ina kler forma med bakepapir rundt kanten også, men det tålte ikkje tolmodet mitt….! Gjer det gjerne om du har betre teknikk enn meg;)
  6. Steik midt i omnen i 1-1,5 time. La avkjøle i omnen med døra open. Fyll med is når den er heilt avkjølt. Botnen skal dette saman, og dermed gje plass til isen i midten;)

Is:

  1. Splitt vaniljestanga, skarp ut frøa og ha desse i ein vispebolle.
  2. Ha i kremfløyte og søt kondensert mjølk og visp på middels/rask hastigheit til du har ein tjukk fin krem. (Dette tek litt lenger tid enn med vanleg kremfløyte.)
  3. Vend inn kaffi og sjokoladebitar.
  4. Ha isen over marengsen (om du vil kan du losne litt av margensen i midten av kaka og blande desse bitane inn i isen).
  5. Dekk med plast og set i frysaren over natta.
  6. Ta kaka ut av frysaren, bruk ein kniv til å skjære langs kanten før du opnar kakeforma.
  7. Fjern ringen, og knekk gjerne av margensbitane som losnar øvst og legg dei på toppen av kaka som pynt. Strø over litt sjokolade på toppen og server med det same:)
marengs iskake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.