Cake pops

cake pops

Cake pops høyrer vel kanskje ikkje heime på ein blogg der kvardagsmat står i fokus. Men så har det seg slik at det er kids i denne familien også, og dei vil veldig gjerne ha cake pops. Og med restar frå ei brownieskake var desse superenkle å lage og skapte mykje glede for dei små. Sjokoladekake på pinne kan jo ikkje anna enn å vere stas! Og ei sjokoladekakekule med pistasj på utsida var heller ikkje feil til kaffien.

kakepops

Cake pops

For omlag 16 pops:

  • Brownies
  • Papp/papir-sugerør
  • Kakestrøssel/hakka pistasjnøtter/perlesukker
brownies på pinne

Slik gjer du:

  1. Del brownies opp i like store delar (heilt opp til deg kor store du vil lage).
  2. Trykk saman til du får forma ei kompakt kule.
  3. Rull kula i ei lita skål med strøssel.
  4. Stikk inn sugerøret.
  5. Ferdig!
barnebursdag

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.