Enkle eltefri rundstykke

eltefri rundstykke

Vi har hatt veldig kjekt besøk frå Norge dei siste vekene, og då er det fint å servere noko godt til frukost og kvelds. Det måtte sjølvsagt bli eltefritt for å unngå å bruke unødig tid på kjøkkenet når det er så mykje anna kjekt å finne på, og når steikinga skal gå ekstra raskt blir det rundstykke i staden for brød. Rør raskt saman deiga, la den heve i 8-10 timar og server rundstykker ein halvtime etter.

Enkle eltefri rundstykke

Til 10-12 rundstykker treng du:

  • 150 g fullkornskveitemjøl
  • 350 g kveitemjøl
  • 50 g sesamfrø
  • 25 g linfrø
  • 25 g solsikkekjerner
  • 1ts tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • (1ss flytande honning)
  • 5 dl lunka vatn

frokost rundstykke Slik gjer du:

  1. Ha alle dei tørre ingrediensane i ein bolle (eg set bakebollen rett på vekta for å måle opp).
  2. Tilset vatn og honning.
  3. Rør alt raskt saman til ei klissete deig og la heve ca. 10 timar, gjerne over natta.
  4. Bruk ein slikkepott og brett deiga nokre gongar over kvarandre, før du har den over på eit bakepapir og brettar den slik at du får forma ei avlang pølse. (Sjå bilete her)
  5. Strø med litt mjøl og legg over plast, eller berre la den ligge på benken som den er.
  6. La heve medan omnen får varme seg opp til 250 grader med eit steikebrett inni.
  7. Del pølsa opp i rundstykker vha ein kniv eller ein spiss slikkepott. (Eit tips her er å bløyte kniven/slikkepotten mellom kvar gong du deler deiga, då heng ikkje deiga fast.)
  8. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og skru ned til 230 grader.
  9. Steik midt i omnen i 12-15 min. Avkjøl på rist og servér nydelege heimelaga rundstykker.
no knead rundstykke

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.