Kombucha

kombucha

Dersom du følgjer meg på instagram har du sikkert sett at eg har prøvd meg på å brygge kombucha dei siste månedane. Det har gått veldig bra, og eine delen av kjøkkenbenken har vore full av ulike satsar som har stått til gjæring. Kombucha blir omtala som «den nye champagnen» og «den nye superdrikken» og skal vere godt for magen og fordøyelsen, hjelpe til med avgifting/detox, betre immunforsvaret og gje meir energi. Vil du lese meir rår eg til å klikke inn på Kraftmamma sin Kombucha ABC.

Eg trudde det var veldig komplisert før eg starta, men det kan eg avkrefte -dette kan alle klare! Det einaste du treng er ein såkalla SCOBY (symbiotic culture of bacteria and yeast) som tek seg av fermenteringa eller gjæringsprosessen frå nokon som har brygga kombucha før deg, i tillegg til dei vanlege ingrediensane som du kan lese under.

Kombucha

Til ein sats kombucha treng du:

  • 1,5 l kokt vatn
  • 2 teposar svart te
  • 5 ss sukker
  • 1 SCOBY
  • ca 1 dl ferdig kombucha
SCOBY

Slik gjer du:

  1. Kok opp vatn og rør ut 5 ss sukker.
  2. La teposane trekke i ca 15 min.
  3. La vatnet avkjøle til romtemperatur (nokre gongar har eg «juksa» og ikkje kokt opp alt vatnet, men blanda inn kaldt vatn for at dette skal gå raskare…)
  4. Hell den avkjølte teen over i ein stor vase/skål/suppeskål/norgesglas saman med SCOBYen og den ferdige kombuchaen.
  5. Legg over eit klede og fest med strikk el. liknande.
  6. La gjære i 7-20 dagar til det har danna seg ein ny SCOBY.

Når Kombuchaen er ferdig:

  1. Ta til side 1dl ferdig kombucha til kvar av SCOBYane, slik at du kan lage to nye satsar (eller gi vekk til nokon andre).
  2. Sil kombuchaen gjennom eit klede, og hell over på flaske. (Eg brukar ei tom Farris-flaske etter å ha lest at glasflaskene kan sprekke..).
  3. Oppbevar i kjøleskap.

TIPS og erfaringar:

  • Du kan lage kombucha med dei smakane du vil, vel ein te du likar godt første gongen.
  • Du kan fermentere kombuchaen to gongar. Etter at du tek ut SCOBYane legg du i ein liten neve gojibær eller rosiner og let det stå på benken nokre dagar til. Nye moglegheiter for smakar og veldig kjekt dersom du plutseleg har fleire satsar som er ferdige samstundes.
  • SCOBY kan oppbevarast i kjøleskap saman med litt ferdig kombucha ei stund. (Gløymde å teste den som låg igjen i kjøleskapet då vi reiste på ferie i fjorten dagar, men den såg i allefall heilt fin ut…;)
  • Fyll kombucha i eit vinglas og nipp til glaset om du treng tid på å lære deg (eller andre) å like det. Etter kvart blir dette ein digg og forfriskande tørstedrikk!

Håper dette gav deg lyst til å prøve, og er du allereie dreven i gamet vil eg gjerne høyre om dine favorittar!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.