Eltefritt grovbrød i gryte

Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne metoden ein gong er eg sikker på at du vil gjere det fleire gongar. Her får du oppskrifta på eit nydeleg grovbrød med passe grovmjøl og gode frø.

Eltefritt grovbrød i gryte

Du treng i utgongspunktet ei gryte med lokk som tåler 250 grader. Har du ikkje det kan du bruke ei eldfast form eller ei heilt vanleg brødform utan lokk. Har du berre eit steikebrett tilgjengeleg lagar du rundstykker av deiga i staden, sjå framgongsmåte her. Eller så kan du forme eit brød og steike på eit steikebrett. Då må du gjerne elte inn litt meir mjøl før du formar det som eit brød.

Fordelen med å steike brødei i ei gryte er at det får den flotte fasongen uansett kor laus deiga er. I tillegg slepp du å tømme vatn inn i omnen for å få sprø skorpe, det sørgar lokket for å gi deg. Når brødet steiker med lokk vil nemleg vatnet frå deiga bli verande inne i gryta og gi same effekten. Når du så tek av lokket og steiker vidare utan lokk ligg alt til rette for nydeleg skorpe.

Den eltefrie metoden gir nydeleg brød laga med lite arbeid men mykje tid.

eltefritt grovbrød

Oppskrift på Eltefritt grovbrød i gryte

1 brød porsjon / Tid: 12-14 t

  • 50 g havregryn
  • 100 g sammalt kveite fin
  • 100 g sammalt kveite grov
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g solsikkegrø
  • 400 g kveitemjøl
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ss flytande honning
  • 1 ts salt
  • 6 dl kaldt/lunka vatn
  1. Sett bakebollen på ei vekt, null ut, og mål opp direkte i bakebollen.

  2. Ha i vatnet og rør saman til ei klissete deig.

  3. Set på lokk og la heve 8-10 t, gjerne over natta.

  4. Brett deiga nokre gongar over seg sjølv i bakebollen, strø på godt med mjøl og set på lokket igjen. Eg brukar gjerne ein slikkepott til denne brettinga.

  5. La etterheve i ca 30 min.

  6. Set gryta med lokk inn i omnen og skru på 250 grader, slik at gryta får varme seg opp.

  7. Når omnen er varm velter/heller du deiga over i gryta og rister litt på gryta slik at det ligg midt i.

  8. Set på lokk og steik i 15 min, før du tek av lokket og skrur ned til 230 grader i 30 min.

  9. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.