Pai med skinke og ruccola

pai med skinke og ruccola

Grov botn:

  • 2dl kveitemjøl
  • 2dl fullkornkveitemjøl
  • 1dl varmt vatn
  • 1dl solsikkeolje

Bland saman og trykk ut i ei paiform. Kan gjerne forsteikast i ti min på 200 grader om du har tid, men ikkje nødvendig.

Fyll:

  • 1/2 bogskinke
  • 1 løk
  • 8-10 soltørka tomatar
  • 1pk ruccola
  • 3 egg
  • 2dl mjølk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • salt og peppar
  • reven mozzarella på toppen

Del skinke, løk og soltørka tomat i bitar/terningar og legg i. Legg ruccola over. Visp saman egg og mjølk, ha i salt, peppar og kvitløk i små bitar. Hell over og strø reven kvitost over.

Steik i 30-40 min på 200g. La kvile i ti min, server med godt brød og salat.

PS. Pai smakar enda betre dagen etter! Nyt den kald eller varm den nokre minutt i steikeomnen igjen:)

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.