Rocky Road Fudge med peanøtter
Rocky Road Fudge med peanøtter, salte kjeks, marshmallows og mjølkesjokolade for å vere heilt presis. Mektig, søtt og perfekt julegodt. Rør saman over vassbad, hell over i form og set i frysaren. Hugs å dele raust med dei rundt deg så du ikkje et alt sjølv. Det kan lett skje!
Rocky Road Fudge med peanøtter
I staden for å lage med mørk sjokolade som dei andre versjonane her på bloggen har ville vi teste mjølkesjokolade. Fugden blir ikkje like hard, men det gjer ingenting. Denne er uansett best oppbevar i kjøleskap eller frysar. Hugs at det må vere søt kondensert mjølk, ikkje Vikingmjølk. Dei fleste butikkar har begynt å føre desse boksene no, så det burde vere lett å finne. Viss ikkje kan du stikke innom ein Asiabutikk. Dei har det i allefall. Og ofte til ein billigare penge og.
Lukke til og god jul!
Oppskrift på Rocky Road Fudge med peanøtter
- 350 g mjølkesjokolade
- 2 ss smør
- 1 boks søt kondensert mjølk
- 1/2 ts vaniljepulver el. 1 ts vaniljesukker
- 50 g små marshmallows
- 75 g salte kjeks
- 100 g salte peanøtter
Smelt sjokolade over vassbad i lag med smøret.
Rør inn søt kondensert mjølk og vaniljepulver.
Vend inn knuste kjeks, marshmallows og peanøtter.
Hell over i bakepapir/foliekledd form på ca 20 x 20 cm.
Set forma i frysaren i 2 timar eller i kjøleskap i 4 timar.
Del opp i passe bitar og nyt.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.