Enkle bountykuler
Enkle bountykuler er raskt å lage, krev få ingrediensar og smakar nydeleg. Søtt og godt med deilig konsistens og smak av kokos og sjokolade. Kulene held seg lenge i kjøleskap, men du kan òg oppbevare dei i fryseboksen om du vil ha dei tilgjengeleg endå lenger. Det er nemleg stor sjangse for at dei forsvinn ein etter ein om dei står i kjøleskapet.
No er det lett å finne søt kondensert mjølk på matbutikkane samanlikna med nokre år tilbake. Det gjer at denne oppskrifta er tilgjengeleg for deg som ikkje har ein asiabutikk i nærleiken òg. Har du ein asiabutikk i nærleiken anbefalar eg likevel at du stikk innom og handlar der, prisen er ofte berre halvparten per boks. Ein ting å passe på er å ikkje forveksle søt kondensert mjølk med vikingmjølk. Vikingmjølk er usøta kondensert mjølk og dette er altså to ulike produkt.
Enkle bountykuler
Oppskrift på Enkle bountykuler
- 200 ml søt kondensert mjølk
- 200 g riven kokos
- 1 ts vaniljesukker
- 300 g mørk sjokolade
Bland saman søt kondernsert mjølk, riven kokos og vaniljesukker.
Form små ballar/kuler og set på eit bakepapirkledd brett. Set brettet i frysaren i 15 minutt.
Hakk sjokolade og ha i ein bolle, set bollen over vassbad og smelt sjokoladen.
Dypp kokoskulene i den smelta sjokoladen og set tilbake på bakepapiret.
Oppbevar kulene i kjøleskapet eller i fryseboksen, dei held seg lenge.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.