Vekemeny 23
Det er søndag og tid for å tenkje på kva som skal stå på bordet i den komande veka. Med ein plan for hand, om det så berre er for nokre dagar, gjer heile middagskabalen mykje enklare. Kanskje høver det å planleggje 2-3 middagar og handle inn til dette? Så kan du bestemme nærare når du veit korleis vêr og aktivitetsplanen ser ut etterkvart?
Her får du mine tips til kva du kan servere i veka som kjem!
Vekemeny 23
Mandag
Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta
Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er… Fortsett å les »
Tysdag
Kjøttkaker i brun saus
Kjøttkaker i brun saus er tradisjonsmat på sitt beste, og vel verdt å ta fram igjen frå minneboka. Kjøttkaker er faktisk så enkel å lage at det høver fint på… Fortsett å les »
Onsdag
Kyllingsuppe med nudlar
Kyllingsuppe med nudlar er ei av dei raskaste suppene å lage. Nyttar du i tillegg ferdigsteikt kyllingkjøt er det berre risnudlane som treng litt tid, og her snakkar vi typ… Fortsett å les »
Torsdag
Easy peasy pasta
Easy peasy pasta er middagen du treng den dagen du ikkje har tid til å lage middag. Du veit når det er strålande sol ute og du vil berre få… Fortsett å les »
Fredag
Sashimi med vårløk og spicy saus
Sashimi er tynne skiver av rå fisk med smakfull saus til. Dette er verkeleg ein av dei rettane som tek null tid å lage og smakar skikkeleg digg. Perfekt når… Fortsett å les »
Laurdag
Meksikansk gryte
Meksikansk gryte var maten vi alltid fekk servert på øvinghelg og andre samlingar i mi tidlegare korps-karriere. Eller karriere og karriere, det var kanskje å overdrive – men maten var… Fortsett å les »
Søndag
Helstekt kylling
Helstekt kylling er perfekt søndagsmiddag. Den krev nesten ingen førebuing, og treng berre god tid i omnen for å bli perfekt. Etter å ha lese fleire plassar at det er… Fortsett å les »
Noko godt
Risbrød
Risbrød er glimrande å ha som noko godt til kaffien etter middag og er ein enklare versjon av risbollane vi lagar til jul. Utan muffinsformer og meir kliss med sjokoladen… Fortsett å les »
Brødmat
Nøttebrød med tørka aprikos
Nøttebrød med tørka aprikos er nydeleg på smak og veldig enkelt å lage. Deiga, eller røra som det best kan kallast, skal berre rørast saman og hellast i ei brødform…. Fortsett å les »
Vekas kake
Flettekrans med eplemos og kanel
Flettekrans med eplemos og kanel smakar nydeleg søtt og godt, og er gjærbakst på sitt aller beste. Med denne på bordet kan du lett glede dei rundt deg, både til… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.