Muslibar

Muslibar

muslibar

Til desse muslibarane har eg teke utgongspunkt i Berit Nordstrand sin versjon. Henne har eg sansen for! Bra dame med bra fokus:)

Muslibarane blei testa ut på skitur ein herleg vinterdag her på Sunnmøre og blei godkjent av turfølget også. Denne versjonen skal ikkje steikast og er enkel å røre saman!

muslibar

Til ei lita langpanne treng du:

  • 2,5 dl havregryn
  • 2,5 dl kokos
  • 1,5 dl quinoaflak
  • 1 dl sesamfrø
  • 1 dl solsikkefrø
  • 1 dl graskarkjerner
  • 2 dl hakka tørka aprikos
  • 50 g smør
  • 50 g kokosfett
  • 0,5 dl honning
muslibar

Slik gjer du:

  1. Dekk ei lita langpanne med bakepapir.
  2. Ha alt det tørre, unnateke aprikosen, i ei tørr steikepanne og rist det på middels varme i 5-10 min til du kjenner ei mild nøttelukt.
  3. Avkjøl og tilset hakka aprikos.
  4. Smelt smør og kokosfett på lav temperatur. Rør inn honning og bland godt.
  5. Bland alt godt saman og ha over i langpanna.
  6. Bruk ei skei og trykk massen hardt og jamt saman. Avkjøl.
  7. Del opp med pizzaskjærer og oppbevar i kjøleskap i boks i opptil ei veke.
muslibar muslibar

Bileta er tekne på Melshornet mellom Ørsta og Volda, med utsikt rett mot Helgehornet og Ytre-Søre Sunnmøre. Kvite fjell og blå fjordar gjer absolutt våren til den vakraste årstida her!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.