Bringebær-ispinne
Bringebær-ispinne har blitt testa ut her i heimen, både i versjon med for lite søting og i versjon med akkurat passe søting. Den første versjonen var det to nabokids som fekk vere med å teste, og den eine nøyde seg med eit slikk før han fann ut at det var for surt!
Ho andre åt forøvrig heile isen, og likte godt at det var litt surt -så smaken er som baken; den er delt i to. Etter litt prøving og feiling har i allefall vi funne ut at desse mengdene som du finn under funkar bra, og gir ein knakande god bringebær-ispinne.
Mor i huset seier litt lettare ja til is etter middag når det er denne versjonen søta med honning i staden for sukker som blir servert, og så er det jo så nydeleg med bringebærsmak!
Frys ned ispinnar du også og inviter dei rundt deg til prøvesmaking!
Bringebær-ispinne
6 former
- 400 g frosne bringebær
- 3 dl vatn
- 1/2 ts vaniljesukker
- 1 dl god honning
Oppskrift:
- Varm opp bær og vatn i ei kasserolle medan du stampar dei saman med ei sleiv eller ein potetstappar.
- Sil massen gjennom eit dørslag, slik at du får bort frøa (eller hopp over dette om du vil ha bringebærfrøa med).
- Rør inn vaniljesukker og honning, smak gjerne at det er søtt nok og hugs at litt av søtsmaken forsvinn når isen blir fryst.
- Fordel i isformer og set i frysaren i 4-6 timar.
TIPS:
- Du kan justere mengden vatn slik at mengden blir akkurat passe til dine isformer.
- Dypp isforma raskt i eit stort glas med varmt vatn for å lett ta av forma.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.