Sjokoladekake i langpanne
Sjokoladekake i langpanne er bankers å servere i barnebursdag eller når det skal vere dugnad, barnehagefest eller 17.mai. Enkel, god sjokoladekake som både born og vaksne likar godt. Dess meir pynt dess bedre synest dei to minste her i huset, og dei får gjerne vere med å pynte.
Denne kaka har ei lita skei med kanel i, og det er med på å framheve den gode sjokoladesmaken, så den anbefalast å ta med.
Smørkremen på toppen er knallgod, og kan fint brukast på andre kaker om du treng ein god sjokoladekrem der. Pass på at du rører lenge nok, slik at du unngår å finne små smørklumpar i kremen når kaka skal serverast…. Det er ikkje like kjekt;)
Til ei langpanne treng du:
- 6 egg
- 450 g sukker
- 600 g kveitemjøl
- 4 ss kakao
- 1 ts kanel
- 3 ts vaniljesukker
- 2 ts bakepulver
- 5 dl mjølk
- 400 g smør
- 200 g mjukt smør
- 400 g melis
- 4ss kakao
- 0,5 dl kaffi (flytande)
- Set omnen på 180 grader over- og undervarme.
- Visp luftig eggedosis av egg og sukker.
- Smelt smør og rør inn mjølka.
- Sikt kveitemjølet og bland med resten av det tørre.
- Bland inn det våte og det tørre vekselvis i kakerøra.
- Hell røra i bakepapirkledd langpanne.
- Steik kaka midt i omnene i ca 30 min, til kaka er gjennomsteikt. Sjekk ved å stikke ei fyrstikk/strikkepinne/
kakepinne midt i kaka. Er det ikkje røre på pinnen er kaka ferdig. - Set langpanna på ei rist, og la kaka avkjøle i langpanna.
- Ha på glasur når kaka er kald.
- Rør mjukt smør, melis, kakao og kaffi til ein jamn smørkrem. Bruk kjøkkenmaskin, og pass på at du held på lenge nok slik at du får ein krem utan klumpar.
- Stryk kremen utover kaka, og pynt gjerne med Non-Stop eller kakastrøssel.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.