Vepsebol med lakris
Inneheld sponsa produkt
Vepsebol er populære småkaker å ha til jul, og fleire har tipsa meg om å bruke lakris i dei. Eg fekk tilsendt ulike former for lakris-sirup frå Lakrids by Johan Bulow for ei tid tilbake og tenkte at dette var perfekt å teste ut.
Eg blanda lakrissirup inn og valde å ha mørk sjokolade og mandlar som i originalen, og det blei veldig bra! Lakris-sirupen luktar heilt nydeleg av fersk, mjuk lakris, så denne kan nok brukast i mange ulike godis!
Har du ikkje lakris-sirup er det fritt fram for å eksperimentere på eiga hand. Eg har fått tilbakemelding frå lesarar som har brukt både lakris-stenger (type: Kick frå godtehylla) og lakrispulver med stort hell.
Eit anna tips eg fekk var å nytte kvit sjokolade i staden for mørk, men det hadde eg diverre ikkje meir av i kjøleskapet mitt, så det får bli neste gong!
Til ca 20 (eller 40 små) vepsebol treng du:
- 3 eggekviter
- 1 ss søt lakris-sirup
- 175 g sukker
- 100 g mandlar
- 100 g mørk sjokolade
Slik gjer du:
- Set omnen på 170 grader varmluft.
- Grovhakk mandlar og sjokolade.
- Visp eggekvitene med halvparten av sukkeret til det skummar.
- Tilset litt og litt av sukkeret medan vispen går, og fortsett til du har blank og tjukk marengs.
- Bland inn lakris-sirup.
- Vend mandlar og sjokolade forsiktig inn med ein slikkepott, slik at du beheld mest mogleg av lufta i eggekvitene.
- Bruk to spiseskeier og set små toppar på eit bakepapirkledd steikebrett.
- Steik i ca 15 min, til dei såvidt er gylne.
- Avkjøl på steikebrettet, deretter på rist.
- Oppbevar i tett kakeboks, og behandle forsiktig så dei ikkje fell saman.
Har du ikkje lakris, eller ikkje er så glad i denne smaken kan eg anbefale vanlege Vepsebol med vaniljesmak.
TIPS: både eggekviter og eggeplommer kan frysast. Har du for mykje av det eine eller det andre legg du det berre i tette små boksar (eller posar) og i fryseboksen. La dei tine i kjøleskap før du skal bruke dei.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.