Vepsebol
Vepsebol eller mini-pavlova med mandel og sjokolade om du vil. Crispi margengs som er både raske og enkle å lage. Desse kakene er etterkvart kjende for mange, og ei fin julekake å ha i kakeboksen.
Utan noko mjøl er den naturleg glutenfri og fin å servere til dei som ikkje toler det også. Kakene er skjøre, akkurat som pavlova, så oppbevar dei gjerne i ei flat og stor kakeboks, slik at du slepp å ha så mange i høgda.
Til ca 20 vepsebol treng du:
- 2 eggekviter
- 1 ts vaniljesukker
- 125 g sukker
- 125 g mandlar
- 125 g mørk sjokolade
Slik gjer du:
- Set omnen på 170 grader varmluft.
- Grovhakk mandlar og sjokolade.
- Visp eggekvitene med vaniljesukkeret og halvparten av sukkeret til det skummar.
- Tilset litt og litt av sukkeret medan vispen går, og fortsett til du har blank og tjukk marengs.
- Vend mandlar og sjokolade forsiktig inn med ein slikkepott, slik at du beheld mest mogleg av lufta i eggekvitene.
- Bruk to spiseskeier og set små toppar på to bakepapirkledd steikebrett.
- Steik begge bretta samstundes i ca 15 min, til dei såvidt er gylne.
- Avkjøl på steikebrettet, deretter på rist.
- Oppbevar i tett kakeboks.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.