Julegranola
Granola med smak av pepperkaker og jul! Genialt godt! Med deilig smak og lukt av kanel, ingefær og nellik i tillegg til dei gode nøttesmakane. Denne blandinga måtte lagast på nytt etter berre få dagar, og var så god at den blei godkjend som kveldssnack i sofakroken.
Denne gongen valde eg å bløytleggje alle frø og nøtter over natta for å fjerne fytinsyra og gjere dei lettare fordøyelege for magen. Fytinsyre er nøtter og frø sin måte å beskytte seg sjølv, eller kjernen sin på, og gjer at det blir vanskelegare for kroppen å ta opp alle dei gode næringsstoffa. For å fjerne eller redusere fytinsyren legg ein frøa i bløyt for så å tørke dei i steikeomn slik at dei ikkje myglar ved oppbevaring. Om du vil gjere det samme legg du berre alle frø og nøtter i vatn over natta. Så klemmer du dei godt i eit kjøkkenhåndkle for å få ut mest mogleg væske og tørkar dei i steikeomn på varmluft ca 120 grader til dei er tørre. Deretter er det berre å følgje oppskrifta nedanfor.
Til 2 steikebrett treng du:
- 5 dl havregryn
- 2 dl valnøtter/pekannøtter
- 2 dl sesamfrø
- 2 dl solsikkefrø
- 2 dl rosiner
- 2 dl kokosflak
- 2-3 ss flytande honning
- 2 dl eplejuice (eller vatn)
- 1 klype salt
- 1 ts kanel
- 1 ts nellik
- 1 ts ingefær
Slik gjer du:
- Set omnen på 150 grader varmluft.
- Bland alt saman, med unntak av kokosflaka, og spre utover to bakepapirkledde steikebrett.
- Set begge inn i omnen og rør innimellom.
- La steike i ca 60 min, følg med så det ikkje blir brent -senk eventuelt temperaturen til 120 grader.
- Avkjøl heilt og bland så inn kokosflaka.
- Oppbevar på tett boks eller glas.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.