Quinoasalat med rødbeter og kremost

sunt og godtQuinoa er eit «superfrø» som er proppa med næringsstoff og har deilig nøtteaktig smak. Frøet er glutenfritt, og kan erstatte både pasta og ris i mange rettar. Kok gjerne meir quinoa enn du treng og oppbevar det i ei tett boks i kjøleskapet. Då kan du enkelt lage deg ein digg salat, eller du kan bruke quinoa i brød eller rundstykker som her. Rødbeter er også fine å koke på førehand og oppbevare i kjøleskap. Dei blir utruleg søte og gode når du bakar eller kokar dei. Har du desse på plass i kjøleskapet er denne salaten laga på under ti minutt!

quinoa og rødbetsalatTil 2 personar treng du:

  • 1,5 dl ukokt quinoa
  • 3 dl vatn
  • 2-3 rødbeter
  • 1-2 vårløk
  • ½ agurk
  • ½ lime
  • 2-3 ss god olivenolje
  • 2-3 ss kremost
  • 1-2 ss blåmuggost (kan sløyfast)
  • 1 neve valnøtter
  • salt og peppar
quinoasalat

Slik gjer du:

Quinoa:

  1. Skyl quinoaen i eit dørslag til det ikkje skummar lenger.
  2. Ha over i ei kasserolle og ha i vatnet + ei klype salt.
  3. Kok opp og la småkoke under lokk til frøa har opna seg og fått ein hale (ca 15-20 min). Rør rundt med ein gaffel og avkjøl.
rødbet salat quinoa

Rødbeter og resten av salaten:

  1. Vask rødbetene godt og ha i ei kasserolle saman med ei klype salt. Kok opp og la småkoke til dei er møre (akkurat slik du kokar poteter, ca 30 min).
  2. Hell av kokevatnet og la dampe av seg og avkjøle litt før du skrellar av skalet. Del opp i båtar.
  3. Del vårløk og agurk i bitar.
  4. Rør saman limesaft, olivenolje og litt salt og peppar.
  5. Bland dressingen inn i quinoaen, og bland så saman alt til ein salat.
  6. Servér gjerne med godt brød.
quinoa- og rødbetsalat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.