Grønnkålchips

grønnkålchipsVil du ha eit litt sunnare alternativ til chips-kosen? Då lagar du grønnkålchips på få minutt. Gni inn med litt olje, ha på salt og set i omnen. Enkelt og greitt, og ti minutt seinare kan du servere grøne crunchy chips.

Min favoritt er med salt, men du må gjerne nytte til dømes chilipulver, paprikapulver eller spisskummen og få ein litt meir spicy versjon.

grønnkålchips

Grønnkålchips

  • 200 g (1 pakke) grønnkål
  • 1-2 ss olivenolje
  • 1 ss flaksalt

grønnkålchipsgrønnkålSlik gjer du:

  1. Set omnen på 150 grader varmluft.
  2. Vask grønnkålen godt, her er det mange krikar og krokar å finne rusk og små dyr i.
  3. Tørk grønnkålen i ei salatslynge.
  4. Riv av dei store stilkane og riv grønkålen i mindre bitar.
  5. Ha over olivenolje og gni inn.
  6. Fordel på to bakepapirkledde steikebrett og strø over salt (eller anna krydder).
  7. Steik i steikeomnen i 10 min. Følg med, og bytt helst plass og snu på bretta etter fem minutt for å få jamnast mogleg chips. Det er veldig fort gjort å brenne chipsa, og då smakar dei ikkje godt…!
  8. La avkjøle på steikebrettet litt før du har chipsa i ei skål og serverar.
Grønnkålchips

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.