Mangosmoothie
Her får du ein søt og god smoothie, som blei ein stor hit hjå kidsa. Eg har vore skeptisk til korleis det vil smake med eggeplomme i smoothie, men den kjende vi ikkje smaken av i det heile. Konsistensen var god og eg snudde meg vekk med eit nøgd glis over at eg hadde lurt i dei rå eggeplomme med alle dei godheitene den inneheld. Håper smoothien fell i smak hjå deg og!
Mangosmoothie
Til 1 stort eller 2 små glas treng du:
- 1 mango
- 1/2 banan (gjerne frosen)
- 1 dl eplejuice
- 1 eggeplomme
- 1-2 dl vatn
Slik gjer du:
- Ha banan, mango, eplejuice, eggeplomme og litt av vatnet i ein blender og kjør glatt.
- Spe med resten av vatnet (eller så mykje du treng) til du får konsistensen du likar på smoothien.
- Nyt.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.