Blåbærsmuldrepai med krem
Blåbæra er endeleg å finne i skogen, og det er berre å ta med seg ei bøtte og så mange born du finn og plukke til krampa tek deg. Fin-fin familieaktivitet, og så fint resultat når ein er ferdige! Lillebror gjorde som dei minste skal gjere, og plukka meir rett i munnen enn i blåbærbøtta og var så nøgd! Likevel blei det nok til å røre saman blåbærsyltetøy til kveldsmat og denne nydelege smuldrepaien til dessert.
Blåbærsmuldrepai med krem
Til 1 paiform (6-8 personar) :
Botn:
- 300-400 g blåbær (nok til å dekkje botnen av forma)
Smuldretopping:
- 100-150 g havregryn (glutenfritt om du vil)
- 50 g sukker
- 50 g smør
- 1 ts kanel
Tilhøyr:
- 3 dl kremfløyte
- 3-4 ss sukker
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Fordel bæra utover paiforma.
- Ha smør i terningar, sukker, kanel og havregryn i ein bolle. Bruk fingrane og smuldre saman til du har ei nokolunde jamn smuldredeig.
- Ha smuldredeigen over i paiformen.
- Set i omnen i ca 20 min, til toppen er gyllen.
- Serverast lun med vispa kremfløyte til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.