Frukost-smoothie med avokado
Smoothie til frukost er enkelt, raskt og godt. Perfekt når du er lei av å bruke tid på frukost, noko eg kan kjenne litt på etter lange ferie-frukostar. Kanskje er vi fleire?:)
Legg du overmodne bananar i fryseboksen har du alltid klar basen for ein god smoothie. Dess meir moden bananen er, dess søtare blir smoothien -utan at du treng å søte med noko anna.
Frukost-smoothie med avokado
Til 1 frukost-smoothie treng du:
- 1/2 moden banan (gjerne frosen)
- 1 avokado
- ca 2 dl kaldt vatn
- 1 ts extra virgin kokosolje
- 1 neve (10-12) blåbær
Slik gjer du:
- Skrell bananen.
- Del avokadoen i to og fjern steinen.
- Ha banan, avokadokjøt, kokosolje, blåbær og halvparten av vatnet i ein blender og kjør glatt.
- Spe med resten av vatnet (eller så mykje du treng) til du får konsistensen du likar på smoothien. Eg likar den ganske flytande.
- Nyt ein enkel frukost:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.