Smuldrepai med jordbær og nektarin

enkel dessert

Smuldrepai er sååå godt som ein kvardagsdessert etter middag, og lett å variere alt etter kva som er i sesong. No er dei norske jordbæra klare, og ein fin variasjon til jordbær og fløyte er denne enkle smuldrepaien der ei korg jordbær har hovudrolla. Med seg får den friskheita frå nektarin og eit hint av syrleg lime. Denne gongen serverte eg med vaniljekesam til, men her kan du fritt velje å ha krem eller is til i staden. Like godt!

smuldrepai med kesam

Til 1 paiform (6-8 personar) treng du:

Botn:

  • 400 g (ei korg) jordbær
  • 2 nektarinar
  • 1/2 lime

Smuldretopping:

  • 100 g havregryn (glutenfritt om du vil)
  • 50 g sukker
  • 50 g smør

Tilhøyr:

  • 1 boks vaniljekesam
smuldrepai smuldrepai med jordbær og nektarin

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Skyll bæra godt og fjern stilken. Del jordbæra i fire og legg i ei paiform.
  3. Del nektarinane i terningar/små bitar og legg over jordbæra.
  4. Klem saften av limen over.
  5. Ha smør i terningar, sukker og havregryn i ein bolle. Bruk fingrane og smuldre saman til du har ei nokolunde jamn smuldredeig.
  6. Ha smuldredeigen over i paiformen.
  7. Set i omnen i ca 20 min, til toppen er gyllen.
  8. La gjerne kvile i ti minutt før servering, saman med ei raus skei vaniljekesam.
smuldrepai sommer

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.