Krokanis utan ismaskin
Vaniljeis er poppis, men vaniljeis med karamellsmak er jo endå betre! For å få skikkeleg god karamellsmak tok eg utgongspunkt i karamellen vi brukar når vi lagar karamellpopcorn -som er ein annan favoritt. Og det kjende seksåringen igjen då han testsmakte krokanisen: «Dette smakar jo nesten karamellpopcorn Mamma!». Treng du fleire argument?
Kanskje at isen skal lagast utan ismaskin?
Enkel og god is, akkurat slik vi treng på ein sommarsdag:)
Til omlag 2 liter is treng du:
- 6 dl kremfløyte
- 400 g søt kondensert mjølk
- 1 ts vaniljeekstrakt (eller frø frå 1 vaniljestang)
Krokan:
- 150 g mandlar
- 50 g smør
- 50 g sukker
- 50 g sirup
- 1 klype salt
Slik gjer du:
- Lag krokan først. Ha sukkeret i tjukk steikepanne og la smelte på middels varme utan omrøring.
- Rør inn sirup og smør i terningar.
- La småkoke til du har seig karamellmasse, ca 5 min.
- Ha i salt og vend inn mandlane.
- Stryk uttover på eit bakepapir og sett til avkjøling. (Gjerne i frysaren.)
- Ha kremfløyte, søt kondensert mjølk og vaniljeekstrakt i ein bolle og visp til krem. (Dette tek litt lenger tid enn med berre kremfløyte).
- Hakk opp krokanen så grovt/fint som du vil. Eg synest det går fint berre med ein stor kniv.
- Bland krokan med issn (hald gjerne tilbake 1/3 for å ha som strø) og hell over i ei form.
- Dekk til, og sett i frysaren over natta.
- Ta ut isen litt før servering, den er best litt mjuk synest eg, og nyt nydeleg heimelaga is.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.