Vaniljeis med sjokoladebitar
Heimelaga is er fantastisk! I denne klassikaren er det vaniljeis saman med hakka sjokolade -og det funkar alltid. Absolutt min favoritt. Har du små yoghurtbeger eller liknande kan du lage herlege porsjonsformer slik at du har klar når isbehovet melder seg akutt. Viss ikkje kan du lage i ei brødform eller eldfastform som tåler frys, slik eg har gjort her.
Til ei form på omlag 1 liter treng du:
- 4 dl h-mjølk
- 4 dl kremfløyte
- 6 eggeplommar
- 300 g sukker
- 1 vaniljestang
- 100 g mørk sjokolade
Slik gjer du:
- Splitt vaniljestanga og ha den i ei panne saman med mjølk og fløyte. Varm opp til det ryk, men ikkje kok. Avkjøl litt.
- Pisk sukker og eggeplommar, hell den lunka mjølkeblandinga forsiktig i (gjennom ei sil slik at du får ut vaniljestanga) og bland godt. Avkjøl heilt (gjerne i kjøleskap over natta).
- Bland i hakka sjokolade før du har isen i ismaskin. Har du ikkje ismaskin set du den i frysaren og rører kraftig kvar halvtime (omlag fire gongar) for å unngå iskrystallar.
- Verdas beste vaniljeis klar til servering!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.