«Pin-up»- vaniljeis med sjokoladetrekk
Heimelaga sjokoladeispinnar eller «Pin-up» er sikker suksess blant små og store. Denne enkle isversjonen går kjapt å røre saman og du kan fylle det berre i ei isboks om du vil. Vi lagar så mange isformer vi har ledig og fyller resten i ei boks. Det er likevel ikkje tvil om at det er litt ekstra stas å ete isen av pinnar!
Til ca 1 liter is treng du:
Vaniljeis:
- 3 dl kremfløyte
- 4 eggeplommar
- 100 g sukker
- 1 vaniljestang
Sjokoladetrekk:
- 100 g mørk kokesjokolade (75% kakaoinnhald)
- 1 barneskei kokosfeitt (ekstra virgin)
- eventuelt kakestrø eller hakka nøtter
Slik gjer du:
- Splitt vaniljestanga og ha frøa i ein bolle saman med kremfløyte. Visp til krem.
- Pisk sukker og eggeplommar til luftig eggedosis i ein annan bolle.
- Vend eggedosisen inn i kremfløyten til alt er godt blanda.
- Ha over i isformer, yoghurtbeger eller ei stor isboks og set i frysaren.
- La begera stå i frysaren i 15-30 min før du set i ispinnane, slik at dei står i midten av isforma. Frys vidare, i minst ein halvtime, avhengig av kor store former du har brukt.
- Smelt sjokolade og kokosfeitt over vassbad, og dypp vaniljeispinnane i den flytande sjokoladen. Strø kakepynt over.
- Servér nydeleg vaniljeis til dei rundt deg:)
Tips: Det kan vere lurt å dyppe heile vaniljeisen i sjokoladen, slik at sjokoladen hjelp til med å halde isen fast i ispinnen. Isen kan leggast i frysaren igjen etter at du har hatt på sjokoladetrekket, eller du kan servere is utan sjokolade:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.