Reklame
Fresh frukost med heimelaga kokosyoghurt
Fresh frukost med heimelaga kokosyoghurt
Visste du at du kan lage din eigen yoghurt heime på kjøkkenbenken? Det kan du! Alt du treng er ei boks kokosmjølk og nokre probiotiske kapslar. Probiotika kjenner du kanskje til? Det er gode bakteriar for tarmen, og finnast i kombucha, vasskefir og andre fermenterte matvarer. I tillegg kan du kjøpe flytande probiotika eller i kapselform på helsekostbutikkar.
For å lage heimelaga kokosyoghurt må du ha litt tid, så planlegg det du skal ete 12-24 timar i forkant. Du rører saman kokosmjølk og probiotika i eit glas og let det står på kjøkkenebenken over natta. Lett som ein plett. Så kan du velge om du vil søte kokosyoghurten din, for eksempel som eg har gjort med lønnesirup.
Oppskrift på Fresh frukost med heimelaga kokosyoghurt
Kokosyoghurt
- 400 ml Helios kokosmjølk
- 2 kapslar probiotika
- 1 ts lønnesirup (kan sløyfast)
Smoothie
- 1 avokado
- 1/2 banan
- 2 dl blåbær
- 4 ss heimelaga kokosyoghurt
- evt litt vatn
Topping
- Havregryn
- Mandelflak
- Chiafrø
- Bringebær
- Blåbær
Bland kokosmjølk, lønnesirup og innhaldet frå probiotikakapslane i eit glas og rør godt. Dekk med eit lokk eller eit klede festa med strikk og la stå på kjøkkenbenken i 12-24 t. Rør rundt og oppbevar i kjøleskap etter dette.
Køyr saman avokado, banan, blåbær og heimelaga kokosyoghurt. Spe eventuelt med litt vatn om det blir for tjukt.
Legg smoothie nederst i glaset, topp med litt yoghurt og pynt med den toppingen du likar. Nyt fresh frukost!
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.