Potetsalat med vinaigrette
Potetsalat med vinaigrette er frisk og godt tilbehør til sommarens grillmat. Kokar du potetene på førehand er det kjapt gjort å lage salaten, det er berre å hakke opp og blande saman. Vinaigretten lagar du enkelt ved å ha alle ingrediensane i eit glas med lokk og riste til alt er blanda. Fin oppgåve for små og store born som vil hjelpe til på kjøkkenet.
Potetsalat med vinaigrette
Har du restar frå middagen så er dette ein fin måte å bruke opp potetene på i staden for å kaste dei. Med kokte, kalde poteter i kjøleskapet kan du diske opp med deilig potetsalat til kvelds. Det er berre å justere mengda på dei andre ingrediensane slik at dei passar til mengda med restar du har.
Eg har skrella potetene som eg brukte her, men har du poteter med tynt skal kan du gjerne behalde det på. Det smakar godt og gjer salaten endå finare å sjå på!
Oppskrift på Potetsalat med vinaigrette
Potetsalat
- 1 kg poteter
- 5 ss soltørka tomat i olje
- 3-4 stangselleri
- 1/2 raudløk
- 4 vårløk
- 1 bunt kruspersille
Vinaigrette
- 1 ss sennep
- 1 ss honning
- 1 ss kvitvinseddik
- 1,5 dl god olivenolje
- 1 ts salt
- 1/2 ts pepar
Kok poteter og avkjøl dei heilt. Har du restar frå middag dagen før er det perfekt å bruke dei potetene. Del potetene i terningar.
Del raudløk og soltørka tomat i terningar.
Del selleri og vårløk i skiver. Finhakk persille.
Ha alle ingrediensane til dressingen i eit glas med lokk og rist til alt er godt blanda, eller visp saman med ein liten visp.
Bland alt med dressingen og ha over i ei serveringsskål.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.