Pavlova med jordbær og smash

Pavlova med jordbær og smash er perfekt å setje på kakebordet. Her er det krem for dei som likar det best. Bær for dei som har det som favoritt. Og salt og søt smash for dei som likar godis best. Noko for ein kvar smak, og perfekt kombo saman. Lag botnen i god tid før kaka skal serverast og pynt den rett før selskapet startar. Då ser den finast ut, og smakar best.

pavlova med jordbær og smash Pavlova med jordbær og smash

Margensbotnen er enkel å lage, det vanskelegaste er å skilje eggehvitene. Pass på at du ikkje får med noko av eggeplommene, då er det ikkje mogleg å få stiv marengs når du vispar. Det enklaste er å knekke eit egg i ei flat skål og så løfte ut eggeplomma med fingrane.

pavlova med jordbær og smashNår du har eggehvitene samla treng du i tillegg ein heilt rein bolle. Er det feittrestar i bollen øydelegg du for deg sjølv når det skal vispast stivt. Visp eggehvitene til det skummar, tilset sukkeret litt etter litt og vend tilslutt inn eddik og maisenna.

pavlova med jordbær og smashHar du ikkje kvitvinseddik kan du bruke eddik, balsamicoeddik eller bringebæreddik i staden. Manglar du maisenna kan du bruke potetmjøl. Fleire pavlova-oppskrifter finn du her.

Oppskrift på Pavlova med jordbær og smash

10-12 porsjonar / Tid: 4 t

Botn

  • 5 eggekviter
  • 200 g sukker
  • 1/2 ts kvitvinseddik
  • 1 ss maisenna

Topping

  • 3 dl kremfløyte
  • 2-3 ss sukker
  • 1 korg jordbær
  • 1/4 granateple
  • 15-20 smash
  • Skal frå 1/2 sitron
  1. Set omnen på 130 grader over- og undervarme.

  2. Visp eggekviter til det skummar. Tilset sukkeret litt etter litt, medan vispen går. Visp til du har tjukk og blank marengs. Vend inn kvitvinseddik og maisenna.

  3. Form ei rund kake på eit bakepapirkledd steikebrett, med ca 24 cm i diameter. Bruk slikkepotten til å dra litt langs kantane slik at det blir ei fin form.

  4. Steik marengsbotnen midt i omnen i 1 time og 15 minutt. Skru så av omnen og la botnen stå der til omnen er kald (gjerne over natta).

  5. Før servering: visp kremfløyte og sukker til luftig krem.

  6. Fordel krem, jordbær, granateplekjerner og smash på toppen av marengsbotnen. Strø rive sitronskal over. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.