Det nærmar seg jul for kvar dag, og kanskje er du allereie godt i gong med julegåvene? Eller kanskje du funderar på kva du kan ønske deg sjølv? Det kjem mange gode tilbod den næraste veka, så her er det moglegheit for å gjere eit kupp. Her har eg samla nokre av mine favorittar frå Kitch´n til å ha på kjøkkenet, håper det kan vere til inspirasjon:
Til kjøkkenentusiasten
Til kvardags og til fest. Til lange frukostar og seine kveldstimar. Gåver som høyrer til kjøkkenet er populære både å gi og få. Kanskje er det noko du har ønska deg lenge som du kan setje på di ønskeliste? Her får du nokre av mine kjøkkenfavorittar:
Vinglass | Marimekko kopp og asjett
Til koselege kveldar
Levande lys, fyr i peisen og noko godt i skåla. Det er tid for brettspel og alle er samla rundt bordet. Eller kanskje vil du helst sitte i stillheit over eit puslespel? Fin måte å kople av på, anten i lag med andre eller for deg sjølv. Her er nokre av dei spela som vi diggar:
Til heimen
Noko som kan pynte opp heimen eller ein bruksgjenstand som blir ein favoritt heile året? Her får du mine tips i både lav og høg prisklasse:
Mjuke pakkar
Kjekkare og kjekkare dess eldre ein blir. Men også rimeleg populært blant dei minste så lenge det treff målgruppa. Som enhjørningkosedress eller halloween pyjamas. Kven hadde vel ikkje elska det sjølv som fireåring?
Til leseløva
Harde pakkar kan vere så mangt, men når det er bøker blir eg ekstra glad. Om det er hobbybok, kokebok eller skjønnlitteratur går neste for det same. Like mykje glede uansett! Her får du ei god blandinga av fine bøker:
Fann du noko å setje på ønskelista? Eller noko du kan gi til ein du er gla i? Håper du fann litt inspirasjon og at du går inn i førjulstida med senka skuldre og ro. Ha ei fin førjulstid!
Vinglass | Marimekko kopp og asjett
Puslespill Slottsdammen | Puslespill Løvefamilien
Puslespill Balestrand | Puslespill Lofoten
Pyjamassett | Enhjørningskosedress
Mi eiga kokebok | Tenk å vere eit menneske
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.