Reklame

Fresh frukost med heimelaga kokosyoghurt

fresh frukost med kokosyoghurt

Fresh frukost med heimelaga kokosyoghurt

Visste du at du kan lage din eigen yoghurt heime på kjøkkenbenken? Det kan du! Alt du treng er ei boks kokosmjølk og nokre probiotiske kapslar. Probiotika kjenner du kanskje til? Det er gode bakteriar for tarmen, og finnast i kombucha, vasskefir og andre fermenterte matvarer. I tillegg kan du kjøpe flytande probiotika eller i kapselform på helsekostbutikkar.

fresh frukost med kokosyoghurt

For å lage heimelaga kokosyoghurt må du ha litt tid, så planlegg det du skal ete 12-24 timar i forkant. Du rører saman kokosmjølk og probiotika i eit glas og let det står på kjøkkenebenken over natta. Lett som ein plett. Så kan du velge om du vil søte kokosyoghurten din, for eksempel som eg har gjort med lønnesirup.

fresh frukost med kokosyoghurt

Oppskrift på Fresh frukost med heimelaga kokosyoghurt

2 porsjonar / Tid: 24 t

Kokosyoghurt

  • 400 ml Helios kokosmjølk
  • 2 kapslar probiotika
  • 1 ts lønnesirup (kan sløyfast)

Smoothie

  • 1 avokado
  • 1/2 banan
  • 2 dl blåbær
  • 4 ss heimelaga kokosyoghurt
  • evt litt vatn

Topping

  • Havregryn
  • Mandelflak
  • Chiafrø
  • Bringebær
  • Blåbær
  1. Bland kokosmjølk, lønnesirup og innhaldet frå probiotikakapslane i eit glas og rør godt. Dekk med eit lokk eller eit klede festa med strikk og la stå på kjøkkenbenken i 12-24 t. Rør rundt og oppbevar i kjøleskap etter dette.

  2. Køyr saman avokado, banan, blåbær og heimelaga kokosyoghurt. Spe eventuelt med litt vatn om det blir for tjukt.

  3. Legg smoothie nederst i glaset, topp med litt yoghurt og pynt med den toppingen du likar. Nyt fresh frukost!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!