Pastasalat med ramsløkpesto

Pastasalat med ramsløkpesto er perfekt mat å lage når ramsløksesongen er her, og kjøleskapet har eit glas ramsløkpesto ståande. Har du ikkje det tilgjengeleg så kan du sjølvsagt bruke vanleg grøn pesto i staden, du får ein god pastasalat med det også.

pastasalat med ramsløkpesto

Pastasalat med ramsløkpesto

Ramsløken har blitt ein favoritt, etter at eg endeleg fann ut korleis den såg ut for nokre år sidan. Etter det har eg funne ramsløk fleire plassar i nærleiken, og når eg først går forbi ei skråning plukkar eg med meg ein bukett blad.

Pestosalat med ramsløkpesto

Ramsløk skal vere både bakteriedrepande, soppdrepande og godt for fordøyelsen i følge Urtekilden. Difor har eg ofte kokt meg ein kopp vatn og hatt i nokre opprevne blad etter ein tur der eg har funne blad. Perfekt å gi kroppen noko å styrke seg på etter ein tur ute.

Pestosalat med ramsløkpesto

Med denne salaten får du alle dei gode eigenskapane til ramsløken i tillegg til den gode smaken, og som bonus kan du kose deg med den i eit par dagar etterpå. Nydeleg som lunsj eller som tilbehør til anna middag dersom du får restar.

Oppskrift på Pastasalat med ramsløkpesto

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 250 g pastaskruar
  • 1 pk (75 g) ruccola
  • 1/2 purre
  • 5 ss soltørka tomat i olje
  • 3 ss ramsløkpesto
  • 4 ss solsikkekjerner
  • Salt og pepar
  1. Kok pasta til den er al dente, altså framleis har tyggemotstand og avkjøl under rennande kaldt vatn. La renne av seg i eit dørslag. Rør inn ramsløkpesto

  2. Grovhakk ruccola og del purre i ringar.

  3. Hell av oljen frå dei soltørka tomatane og del i bitar.

  4. Vend alt saman, krydre med salt og pepar og strø solsikkekjerner på toppen. Nyt!

  5. Salaten kan oppbevarast i tett boks i kjøleskap i 2-3 dagar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.