Reklame

Daddel-snack

Dadlar er naturleg søte, og treng difor ikkje å få blanda inn sukker for å vere ein nydeleg snack. Det er difor eit perfekt alternativ til sjokoladeskåla når du er fysen på noko godt, og moglegheitene er mange. Ein daddel fylt med peanøttsmør er ein perfekt snack når det er litt lenge til neste måltid.

daddel-snack

Daddel-snack

På kontoret har vi fått ein ny favoritt, og det er dadlar med lakrispulver på. Det er super-enkelt å lage klart, og lett å like til og med for dei som er daddel-skeptikarar. Du legg dadlar i ei skål med lokk, strør lakrispulver over og ristar til alt er godt dekka. Har du dadlar med kjerne i anbefalar eg deg å bruke nokre minutt og ein liten kniv først og ta ut kjernene. Då blir det så mykje enklare og mindre kliss når ein skal nyte snacken.

daddel-snack

I tillegg til peanøttsmør er det nydeleg med cashewsmør, gjerne med ei cashewnøtt i midten. Det samen kan du gjere med andre typar nøttesmør og nøtter. Her er det berre din smak og preferanse som avgjer. Har du chiafrø i skapet så kan du strø litt på toppen av nøttesmøret, for ekstra fiber, protein og Omega-3-fett.

daddel-snack

Fekk du lyst på daddel-snack du og? Her får du mine beste tips:

Oppskrift på Daddel-snack

4 porsjonar / Tid: 5-10 min

  • 4-12 dadlar
  • 2-4 ss Helios peanøttsmør
  • 2-4 ss Helios cashewsmør
  • 1 ss Helios rålakrispulver
  • 5-10 Helios cashewnøtter
  • 5-10 Helios mandlar
  • 1 ss chiafrø
  1. Daddel med peanøttsmør og mandel: del dadlen i to og fjern eventuel stein. Fyll med 1/2 ss peanøttsmør og topp med ein mandel.

  2. Daddel med peanøttsmør og chiafrø: del dadlen i to og fjern eventuel stein. Fyll med 1/2 ss peanøttsmør og topp chiafrø.

  3. Daddel med cashewsmør: del dadlen i to og fjern eventuel stein. Fyll med 1/2 ss cashewsmør.

  4. Daddel med lakrispulver: del dadlen i to og fjern eventuel stein. Dypp dadlen i lakrispulver og nyt. Tips! Skal du lage mange? Fyll ei skål, strø lakrispulver over og rist til alt er dekka.

  5. Daddel med lakrispulver og mandel:del dadlen i to og fjern eventuel stein. Legg ein mandel inn i daddelen og dypp den i lakrispulver.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.