Oreokake i langpanne

Oreokake er og blir ein favoritt på kakebordet. I vår storfamilie er i allefall dette den kaka som forsvinn fortast, og som kidsa står i kø rundt. Då passar det godt å ha ein versjon i med oreokake i langpanne. Enklare å frakte, enklare å dele opp og litt fleire kakestykker til gjestane.

oreokake oreo kake
oreo kake

Oreokake i langpanne

oreokake i langpanne

Dette er ei kake som er enkel å lage glutenfri, for glutenfrie “oreo”-kjeks finnast i mange utgåver. Men glutenfrie kjeks blir kaka glutenfri, sidan resten av kaka er laga av ostekrem og sjokolademousse.

Kaka bør etast same dag, eller dagen etter om den står til avkjøling over natta, sidan sjokolademoussen vil tørke litt ut. Men for all del. Litt tørr restekake kan gi mykje glede;)

Vil du lage rund Oreokake? Her finn du den.

Oppskrift på Oreokake i langpanne

1 kake (18-22 cm) porsjon / Tid: 2 t

Botn

  • 600 g Oreokjeks (spar 100 g til pynt)
  • 75 g smør

Ostekrem

  • 200 g kremost naturell
  • 100 g melis
  • 2 dl kremfløyte

Sjokolademousse

  • 200 g mørk kokesjokolade
  • 4 egg
  • 2 dl kremfløyte
  • 1 ts vaniljesukker
  1. Botnen: Knus kjeks, gjerne i ei kjøkkenmaskin, og bland med smelta smør. Trykk ut i ei lita langpanne kledd med bakepapir. Sett i kjøleskap medan du lagar ostekremen.

  2. Ostekrem: Ha kremost og melis i ein bolle og visp saman til det er ei jamn blanding. Ha i kremfløyta medan vispen går og visp vidare til du har ein tjukk ostekrem. Stryk ostekremen over kjeksbotnen og set i kjøleskap medan du lagar sjokolademoussen.

  3. Sjokolademousse: Smelt sjokolade over vassbad og trekk så til side for å avkjøle litt. Skil egga og visp eggekvitene stive. Set eggekvitene til side og visp så fløyte og vaniljesukker til luftig krem. Rør eggeplommane inn i den flytande (men litt avkjølte) sjokoladen. Bland saman sjokolade og krem. Vend til slutt inn stivpiska eggekviter. Ha sjokolademoussen over ostekremen og pynt med grovhakka kjeks. Set kaka i kjøleskap i minst to timar, gjerne over natta.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!