Eplesalat med appelsindressing

Eplesalat med appelsindressing er søt, syrleg og frisk. Perfekt å ha på eit kaldtbord eller eit tapasbord med andre rettar! Eller som eit godt tilbehør til lunsjen eller middagen. Nemnde eg at den er kjapp å lage også? Finn fram epler og appelsiner og gå i gong!

appelsinsalat

Eplesalat med appelsindressing

appelsindressing
enkel appelsindressing

Appelsinsdressingen fortener eigentleg eit eige innlegg, for denne kan du bruke til andre typar salatar også. Det er vanlege ingrediensar som olivenolje, sennep, honning og sitron i tillegg til den søte appelsinsafta. Nydeleg farge og nydeleg smak. Valmuefrøa fekk eg lyst til å prøve å ha i etter å ha sett eit lekkert bilete på pinterest, og dei blei liksom prikken over i’en. Rist saman og server!

Eplesalat med appelsindressing

Oppskrift på Eplesalat med appelsindressing

4 porsjonar / Tid: 30 min

Eplesalat

  • 3 epler
  • 2 appelsiner
  • 100 g grøn salat (spinat/ruccola/salatblad)
  • 1 dl pistasjenøtter
  • 1 dl rosiner

Appelsindressing

  • 1/2 appelsin
  • 1/2 sitron
  • 1-2 dl olivenolje
  • 2 ss honning
  • 1 ts grov sennep
  • 1/2 ts salt
  • 2 ts valmuefrø
  1. Skjær av skallet på appelsinene og del i skiver. Vask epla godt og del dei i skiver også.

  2. Leg salatblad, eple- og appelsinskiver på ein stor tallerken.

  3. Lag dressingen. Riv det gule og oransje skalet av sitronen og appelsina ved hjelp av eit zesterjarn. Press ut safta og bland saman med skalet og resten av dressingingrediensane. Har du eit tomt glas med lokk er det berre å ha alt i glaset, skru på lokket og riste til alt er blanda.

  4. Ringle dressingen over eplesalaten, og strø hakka pistasjenøtter og rosiner på toppen. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!