Fløytekaramell med lakris
Fløytekaramell med lakris har blitt produsert på førjulskjøkkenet her. Det er den gode fløytekaramelloppskrifta med tilsett lakrissirup i tillegg. YUM! Dei gode seige karamellene med ein nydeleg smak av lakris. Eg har brukt ein salt lakrissirup, men du kan bruke både søt sirup eller lakrispulver om du heller har det.
Fløytekaramell med lakris
Eg veit at mange spør om kvar ein kan kjøpe lakrissirup, og det er eit godt spørsmål. Eg har funne det på nettet, på interiørbutikkar, på caféar og på store matbutikkar. Det finnast sikkert også på nokre helsekostforretningar? Du må nesten berre spørje deg litt rundt i ditt nærområde. Her er bilete av den typen eg brukte no.
TIPS: Vil du ha svarte karameller kan du tilsette nokre dråpar sukkerkulør i gryta. Det skal eg få kjøpt inn til neste gong, slik at vi ser forskjell på dei ulike karamellene. No finn vi det ut først etter at vi har teke ein bit;)
Oppskrift på Fløytekaramell med lakris
- 3 dl kremfløyte
- 200 g sukker
- 60 g smør
- 100 g lys sirup
- 5 ss (salt) lakrissirup
Ha alt i ei vid gryte og kok opp på middels varme.
Rør av og til og la småkoke til temperaturen når rett under 120 grader. Ca 30-45 min.
Under 120 grader gir mjuke karameller, over 120 grader gir harde karameller. Har du ikkje eit sukkertermometer kan du ta dråpetesten i staden. Drypp ein dråpe karamell-masse i eit glas med kaldt vatn. Når det kan formast til ei kule er karamell-massen ferdigkokt.
Hell massen over i ei form (eg brukar ei lasagneform) som er dekka med plastfolie eller bakepapir. La stivne og del så opp i passe bitar. Dersom du lagar heilt harde karameller er det smart å dele dei opp før alt har stivna heilt. Viss ikkje blir det litt av ein jobb;)
Pakk inn i cellofan eller bakepapir og nyt.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.