Vaniljesaus

Vaniljesaus er dessertsausen over alle. Perfekt topping på sjokoladepudding, gelé og friske bær. Kva er vel nyplukka og syrlege rips utan denne søte sausen over? Og sausen lagar du enkelt sjølv! Det er rett og slett mjølk som er smaksett med vanilje og sukker, og tjukna ved hjelp av egg. Enkelt og greitt!

vaniljesaus Vaniljesaus

Sausen kan du lage litt sånn på slump, men det er alltid bra å ha ei grunnoppskrift å gå ut i frå. Det betyr at du kan bruke fløyte i staden for mjølk, eller halvt om halvt med fløyte og mjølk om du vil. Sukkermengden kan du redusere, og vaniljestanga kan du bytte ut med vaniljepulver eller vaniljesukker. Manglar du noko i kjøleskapet eller har varer som må brukast opp er det berre å tilpasse og justere altså.

vaniljesaus

Klar for å lage vaniljesaus? Oh yes!

vaniljesaus

Oppskrift på Vaniljesaus

4-6 porsjonar / Tid: 15 min

  • 4 eggeplommer
  • 4 dl H-mjølk
  • 1 vaniljestang
  • 100 g sukker
  1. Rør saman eggplommer og sukker i ein bolle. For å gjere det enklare å røre saman kan du gjerne ha i 2-3 ss av mjølka.

  2. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa. Ha vaniljestanga og frø i ein kasserolle saman med mjølka. Kok opp under omrøring.

  3. Hell den varme mjølka i ein tynn stråle, litt etter litt, over eggeblandinga. På denne måten blir egga temperert og ikkje eggerøre.

  4. Hell heile blandinga tilbake i kasserollen og varm opp under omrøring, til sausen tjuknar. Sausen skal ikkje koke, og hugs at den vil bli endå tjukkare etter at den har fått avkjølt seg i kjøleskap.

  5. Sil sausen over i ein mugge, slik at du får fjerna eventuelle eggeklumpar og vaniljestanga. Strø litt sukker på toppen for å unngå snerk og set vaniljesausen i kjøleskapet.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.