Smoothiebowl med blåbær og sjokolade

Smoothiebowl med blåbær og sjokolade er nydeleg frukost for deg som elskar mørk sjokolade. Sidan det blir rekna som ei grønsak av enkelte så er det jo ingen grunn til å spare på den. Vil du vente litt med det søte til seinare på dagen så skippar du sjølvsagt berre sjokoladen.

Smoothiebowl med blåbær og sjokolade

Eg brukar frosne blåbær frå skogen, men butikk-kjøpte går også fint. Har du ikkje frosne så bør bananen vere frosen, eller så kan du ha i nokre isbitar saman med eplejuicen. Som topping har eg brukt valnøtter, men her kan du erstatte med graskarkjerner eller solsikkekjerner om du ikkje toler nøtter.

Smoothiebowl med blåbær og sjokolade

Smoothiebowl med blåbær og sjokoladeDå skulle alt vere klart for ein digg start på dagen! Velbekomme:)

Oppskrift på Smoothiebowl med blåbær og sjokolade

1-2 porsjon / Tid: 10 min

Smoothiebowl

  • 1 avokado
  • 1/2 banan
  • 1 dl frosne blåbær
  • 1 dl eplejuice
  • 1 ss MCT-olje (kan sløyfast)

Topping

  • 1 dl valnøtter
  • 1 ss chiafrø
  • 2 ruter mørk sjokolade
  • 1 ss blåbær
  1. Ha avokado, banan, blåbær, eplejuice og MCT-olje i ein blender.

  2. Køyr saman til ei jamn blanding.

  3. Hell over i ei skål og strø toppingen over.

  4. Nyt:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.