Sviskekake

Sviskekake er ei kake som folk gjerne har eit elsk eller hat forhold til. Eller så må du rett og slett blir vaksen for å like den? Eg trur kanskje heller at om den hadde fått eit anna namn så hadde dei yngre også lagt sin elsk på denne. Kanskje er det difor den også blir kalla Islandskake?

sviskekake Sviskekake

Eg måtte i allefall blir over tredve før eg likte denne kaka. Og no er den ein av mine største favorittar. Nydeleg knas i kokosbotnen, sødme og smak frå sviskene og knall gul eggekrem. Når den i tillegg er toppa med vispa krem er dette ei samling av alt som er godt. Det einaste som manglar er sjokolade. Men det kan du strø på toppen så er det problemet løyst.

sviskekake

Kaka kan gjerne frysast, men då utan kremfløyta på toppen. Den bør du fordele på toppen av kaka ganske nært inntil servering. Håper kaka fell i smak!

sviskekake

Oppskrift på Sviskekake

22-24 cm rund kakeform/8-10 porsjonar porsjonar / Tid: 2 t

Botn

  • 4 eggekviter
  • 200 g sukker
  • 100 g kokosmasse
  • 1 ts bakepulver

Svisker

  • 200 g svisker
  • 1 dl vatn
  • 1 ss sukker

Eggekrem

  • 4 eggeplommer
  • 100 g sukker
  • 1 dl kremfløyte
  • 1 klype vaniljepulver

Krem

  • 2 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker

Pynt

  • Riven mørk sjokolade
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.

  2. Visp eggekviter og sukker til blank marengs. Pass på at det ikkje er med noko av eggeplommane, då vil du ikkje klare å vispe marengsen stiv. Vend inn kokosmasse og bakepulver. Fordel i ei rund form og steik midt i omnen i 30 minutt. Avkjøl heilt.

  3. Lag eggekrem ved å vispe saman egg, sukker og fløyte i ein liten kasserolle. Rør heile tida medan det kokar opp og tjuknar. Trekk vekk frå plata og hell eggekremen over i ei flat skål. Dekk med plastfolie heilt inntil kremen, då unngår du å få snerk på toppen. Set eggekremen i kjøleskap slik at den blir kald.

  4. Rør ut sukkeret i vatnet og kok opp. Ha i sviskene og la dei småkoke til dei er møre. Dette kjem an på kor tørre sviskene var då du starta, så kjenn etter med ein kniv etter ca 20 minutt. Brukar du ei matmølle for å mose dei treng dei ikkje koke særleg mykje lenger enn dette. Køyr glatt i matmølla. Kok opp mot ein time dersom du skal mose dei "for hand". Avkjøl.

  5. Smør eggekrem og moste svisker på kakebotnen.

  6. Visp kremfløyta og sukkeret til stiv krem. Fordel dette på toppen av kaka.

  7. Pynt gjerne med riven mørk sjokolade og nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.